fredag 25. januar 2013

Håvamål - Den høges tale


Håvamål.
Håvamål er eit kvad i den eldre Edda. Det er ein samling av oldnordiske gudedikt og visdomsdiktning. Håvamål betyr «den høges tale», og handlar om «den høge», som vil sei guden Odin. Håvamål handlar ikkje om gudanes tilværelse, men om menneskenes livsvisdom. Det er mange gode og mennesklege visdomsord. Mange av temaene den tar opp, er klokhet, mot, moral og vennskap. Denne samlingen av dikt og ordtak vart skreve ned på Island, på 1200-talet. Mykje kan likevel vere skreve ned i Noreg. Nokon delar kan vere skreve ned på 1100-talet og 1200-talet. Andre delar kan vere mykje eldre. Diktene gikk munnleg fra generasjon til generasjon. Håvamål består av 164 strofer. Innhaldet er veldig menneskleg og klokt. Det er mykje riktige ting som blir sagt, som det at hvis du er smart, så er du også snill mot venene dine, og høyrer på kva folk seier til deg.

Håvamål har vært brukt til å veilede folk, med kloke og smarte utsagn. Det beskriver samfunnet på den tida ganske godt. Eg trur at folk på denne tida forstod disse reglane, og kanskje ble inspirert av dem. Folk pleide å gjenta disse strofene, og resitere disse visdomsordene. Dermed gikk det fra generasjon til generasjon.
En kan læra mykje av Håvamål. Det er mange kloke ord som kan inspirere oss. Man kan lære om vennskap og klokskap, og det er mange strofer som handlar om dette. Det blir gitt mange gode råd som man i den tiden måtte rette seg etter. Sjølv om me levar i ein heilt annan tid nå, så kan me likevel kjenne oss igjen i mange av strofene i Håvamål.

I vikingtida var det mykje fyll, men dei var likevel gudefryktige og prøvde å følge nokon levereglar, og det ble då Håvamål. Det handler om kva vikingar synes er bra og dårlege kvalitetar. Mykje av Håvamål var ganske normale levereglar på den tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar