søndag 1. juni 2014

Bokmelding av Bikubesong


Bikubesong er ein roman som består av fleire novellar som alle har ein ting til felles, nemlig Murboligen i den lille industribyen Odda. Boka er skreve av forfattaren Frode Grytten. Den er gitt ut Det Norske Samlaget.

Denne boka inneheld novellar om dei forskjellige menneskane som bur i Murboligen.
Frode Grytten er blitt kjend for sine noveller og novellesamlingar. Bikubesong er full av heilt vanlege menneskar som alle har ein tilknyting til Murboligen. Novellene blir knytt samen med kvarandre etter kvert. Han beskriver hendelsar i livene til dei som bor i Murboligen. I staden for å fortelje om sjølve byen, får vi vite meir om menneskane. Dette gir eit bilete av ein ganske normal by, med utruleg karakteristiske folk.

Smelteverket i Odda er ein sentral ting i dei fleste novellane. Odda var ein industriby og mange jobba der, og denne boka viser oss livene til mange av dei som jobba der.

Karakterane i Bikubesong er forskjellige, men har likevel ein del ting til felles. Nokon karakterar settar meir spor enn andre, sånn som Mai Britt, eller Prinsessa av Burundi som ho blir kalt, Galne Finn i Kamerat Måne og ”Ola Nordmann” i Å gå langs vegen som ein vanleg mann.

Kjærleik og utroskap er sentrale temaer gjennom heile boka. Det er mange novellar som omfattar disse temaene. Novellene er fortalt både gjennom augane til den det handlar om, og frå en forteljar som forteljar i tredjeperson.

Det er ein slags samanheng i historiene, for man blir ofte introdusert til ein karakter i ein novelle, og så handlar gjerne den neste novella om akkurat denne personen.

Eg synes at alle historiene er fantastiske og dypare enn det man trur. Man får et blikk inn i livene til nokon andre og det er utruleg interessant. Språket er også lett og lese og veldig forståeleg.


”Å gå langs vegen som ein vanleg mann”

Denne novella handlar om ein heilt vanleg fyr som plutseleg blir oppringt av ein journalist frå VG som seier at han er blitt kåra til den mest gjennomsnittslege mannen i heile Noreg. Han er gift med to barn, ein gut og ei jente, og har fast jobb på smelteverket. Han synes sjølv at det er merkelig korleis dei har funne han og bestemt at han er så vanleg. På kvelden går han ut med nokon kompisar og dei ler bare av han. På doen på Smeltaren finner han nummeret til ein homofil ”sopar” med ”kjempestell” og bestemmer seg for å lagre nummeret hans. Han kliner også med ei jente på vei heim, og dette visar at han kanskje ikkje er så gjennomsnittleg. Eller er det dette som gjør han til ein gjennomsnittsmann? 

Dagen VG skal komme på besøk seier han frå til jobben at han ikkje kan komme. Han ringer nummeret han fant på toalettet på Smeltaren og finner ut kven der er. Da han høyrer kven det er leggar han på, men blir oppringt fleire gonger tilbake. Han setter seg ned og begynner å bestille masse ting frå ein TV-shop og flørtar i vei med dama på telefonen.
Når VG først kommer svarer han seriøst på spørsmåla, men etter kvart synes han det blir for teite spørsmål og begynner å ljuge på seg ting. Til slutt begynner han å drikke og etter at avisa har dratt, ringer han til Folkeregisteret og ber om å bli fjerna frå det. Han seier at Harry Lund er død. Nå var Harry Lund død, og han kunne endeleg gå langs vegen som ein vanleg mann.
Man kan sjå at han eigentleg berre har lyst til å gjere som han sjølv vil. Vi kan alle kjenne oss litt igjen i ham. Ola Nordmann, i Murboligen. Eg trur at han ikkje ville være eit eksempel på den mest ”normale” mannen i heile Noreg. Kva er det som er så normalt med ham? Fast jobb, kone og barn, og den sporadiske klininga med Kari? Novella får eit vendepunkt da han begynner å lyge om alt til avisa. Han bryr seg ikkje lenger. Harry Lund er død. I sluten av novella så trur eg at han innsjår at han er ein heilt vanleg mann, og at det er det han verkeleg ønskjer. Å gå langs vegen som ein vanleg mann.