Bikubesong er ein roman som består av fleire novellar som alle har ein ting
til felles, nemlig Murboligen i den lille industribyen Odda. Boka er skreve av
forfattaren Frode Grytten. Den er gitt ut Det Norske Samlaget.
Denne boka inneheld novellar om dei forskjellige menneskane som bur i
Murboligen.
Frode Grytten er blitt kjend for sine noveller og novellesamlingar.
Bikubesong er full av heilt vanlege menneskar som alle har ein tilknyting til
Murboligen. Novellene blir knytt samen med kvarandre etter kvert. Han beskriver
hendelsar i livene til dei som bor i Murboligen. I staden for å fortelje om
sjølve byen, får vi vite meir om menneskane. Dette gir eit bilete av ein ganske
normal by, med utruleg karakteristiske folk.
Smelteverket i Odda er ein sentral ting i dei fleste novellane. Odda
var ein industriby og mange jobba der, og denne boka viser oss livene til mange
av dei som jobba der.
Karakterane i Bikubesong er forskjellige, men har likevel ein del ting
til felles. Nokon karakterar settar meir spor enn andre, sånn som Mai Britt,
eller Prinsessa av Burundi som ho blir kalt, Galne Finn i Kamerat Måne og ”Ola
Nordmann” i Å gå langs vegen som ein vanleg mann.
Kjærleik og utroskap er sentrale temaer gjennom heile boka. Det er
mange novellar som omfattar disse temaene. Novellene er fortalt både gjennom
augane til den det handlar om, og frå en forteljar som forteljar i
tredjeperson.
Det er ein slags samanheng i historiene, for man blir ofte introdusert
til ein karakter i ein novelle, og så handlar gjerne den neste novella om
akkurat denne personen.
Eg synes at alle historiene er fantastiske og dypare enn det man trur.
Man får et blikk inn i livene til nokon andre og det er utruleg interessant. Språket
er også lett og lese og veldig forståeleg.
Ӂ
gå langs vegen som ein vanleg mann”
Denne novella handlar om ein heilt
vanleg fyr som plutseleg blir oppringt av ein journalist frå VG som seier at
han er blitt kåra til den mest gjennomsnittslege mannen i heile Noreg. Han er
gift med to barn, ein gut og ei jente, og har fast jobb på smelteverket. Han synes
sjølv at det er merkelig korleis dei har funne han og bestemt at han er så
vanleg. På kvelden går han ut med nokon kompisar og dei ler bare av han. På
doen på Smeltaren finner han nummeret til ein homofil ”sopar” med ”kjempestell”
og bestemmer seg for å lagre nummeret hans. Han kliner også med ei jente på vei
heim, og dette visar at han kanskje ikkje er så gjennomsnittleg. Eller er det
dette som gjør han til ein gjennomsnittsmann?
Dagen VG skal komme på besøk seier
han frå til jobben at han ikkje kan komme. Han ringer nummeret han fant på
toalettet på Smeltaren og finner ut kven der er. Da han høyrer kven det er
leggar han på, men blir oppringt fleire gonger tilbake. Han setter seg ned og
begynner å bestille masse ting frå ein TV-shop og flørtar i vei med dama på
telefonen.
Når VG først kommer svarer han
seriøst på spørsmåla, men etter kvart synes han det blir for teite spørsmål og
begynner å ljuge på seg ting. Til slutt begynner han å drikke og etter at avisa
har dratt, ringer han til Folkeregisteret og ber om å bli fjerna frå det. Han
seier at Harry Lund er død. Nå var Harry Lund død, og han kunne endeleg gå
langs vegen som ein vanleg mann.
Man kan sjå at han eigentleg berre
har lyst til å gjere som han sjølv vil. Vi kan alle kjenne oss litt igjen i
ham. Ola Nordmann, i Murboligen. Eg trur at han ikkje ville være eit eksempel
på den mest ”normale” mannen i heile Noreg. Kva er det som er så normalt med
ham? Fast jobb, kone og barn, og den sporadiske klininga med Kari? Novella får
eit vendepunkt da han begynner å lyge om alt til avisa. Han bryr seg ikkje
lenger. Harry Lund er død. I sluten av novella så trur eg at han innsjår at han
er ein heilt vanleg mann, og at det er det han verkeleg ønskjer. Å gå langs
vegen som ein vanleg mann.